|
Â
Besseggen - Noregs mest kjende fjelltur
Når du skal gå Besseggen har du to ruter du kan gå.
1. Den mest vanlege ruta over Besseggen går frå Memurubu til Gjendesheim. Turen går frå Gjendesheim med båt inn til Memurubu turisthytte om morgonen. Frå Mermurubu går du nokså bratt oppover til det flatar seg meir ut. Du går forbi Bjørnbøltjønne og vidare bortover til Bandet. Bandet er det partiet der det er smalast mellom Bessvatn og Gjende. Bessvatnet har du her rett nedved deg, Gjende ligg 400 meter under deg. Her startar det mest kjende partiet på heile turen, nemleg sjølve Besseggen. Oppover eggen er det som å gå i storsteina urd, og du må bruke hendene litt for å koma opp. Når du har kome deg opp sjølve eggen får du ein fantastisk utsikt utover Jotunheimen. Frå her ser du beint ned i det grøne Gjende langt nedanfor deg på eine sida og det blå Bessvatnet på andre sida. Vidare går turen over Veslefjellet og ned att nokså bratt til Gjendesheim. Turen tek frå 6-8 timar, alt etter kor fort du vel å gå turen. Turen kan også bli gått den andre vegen; fra Gjendesheim til Memurubu med båt attende om ettermiddagen.
2. Den andre ruta startar her pÃ¥ Bessheim. Du gÃ¥r opp til osen pÃ¥ Bessvatn og innover langs med vatnet pÃ¥ nordsida (høgresida nÃ¥r du kjem opp pÃ¥ osen, ikkje over brua). Vidare følgjer du stigen langs med vatnet heilt til du kjem inn til Bandet. Her kjem du inn pÃ¥ stigen frÃ¥ Memurubu og her startar sjølve Besseggen. Du gÃ¥r da opp sjølve Besseggen, opp pÃ¥ Veslefjellet, og ned att til Bessheim. Litt etter toppen pÃ¥ Veslfjellet deler stigen seg i to, ein gÃ¥r ned til Gjendesheim og ein gÃ¥r ned til Bessheim. GÃ¥r du mot Bessheim kjem du ned pÃ¥ Bessvassosen att, og du gÃ¥r over brua og ned same stigen som du kom opp.Â
 Â
Klede og utstyr til Besseggenturen
Det kan vera ganske tøft vér pÃ¥ turen over Besseggen. I høgfjellet skiftar veret raskare enn i lÃ¥glandet, sÃ¥ sjølv om det er fint ver frÃ¥ morgonen av, sÃ¥ kan det bli dÃ¥rlegare utover dagen.Â
Det er ikkje mogleg Ã¥ bestille plass pÃ¥ bÃ¥ten, men alle fÃ¥r garantert vera med. Du mÃ¥ møte opp til rett tid i forhold til rutetidene, og dersom det er mykje folk vil du fÃ¥ billett til ein seinare bÃ¥t. Â
Dette bør du ha med når du skal på tur:
·        Godt fottøy, og da helst fjellsko
·        I juni kan det vera lurt å ha med gamasjar, da det kan vera noko snø.
·        Solbriller og solkrem
·        Lue og vottar
·        Undertøy, gjerne av ull
·        Ytterklede som er regntette/vindtette
·        Ekstra sokkar
·        Skift
        Termos og nistepakke
    Kart og helst kompass
God tur!
Gjendebåten Gjendebåten tek deg inn i hjarta av Jotunheimen. Gjendebåten legg til ved Memurubu Turisthytte og Gjendebu Turisthytte. Båten har 5 daglege avgangar.
Â
Transport frÃ¥ Bessheim Dersom du ikkje ynskjer Ã¥ køyre eigen bil, kan du ta bussen som gÃ¥r forbi Bessheim om morgonen i sommarsesongen.Â
Â
Busstider og rutetider for Gjendebåten finn du og i resepsjonen.
Â
Film frå Besseggenturen
GOD TUR!
Â
|