|

Vårskiturar på Valdresflya Når riksveg 51 over Valdresflya opnar om våren, startar sesongen for vårskitur. Eit 10-tals toppar over 2000 meter er lett tilgjengelege frå toppen av Valdresflya, meir krevjande turar innover Leirungsdalen byr på flotte turmål med Tjønnholstinden (2329 moh) som den høgste. Som regel held skiføret fram til starten av juni. Vi kan nemne Rasletinden, Høgdebrotet og Kalvåhøgdene blant mange andre. Er været fint er dette ei fantastisk oppleving! Vanlegvis er det fint å gå på ski til starten av juni. På høgste punktet på Valdresflyvegen ligg Valdresflya Vandrerhjem. Her serverer Turid Berge vaflar og kaffe.
Mai er kalvingstid for reinen. Øvre delen av Sjodalen med Leirungsdalen er kalvingsplass. Vi oppmodar alle om å ta omsyn til at reinen skal ha ro i denne perioden. Forstyrr ikkje dyra unødig og ta ansvar for at hundar er under kontroll.
Elles er det fint å gå til Besshø og Nautgardstind utover våren.
Â
Kiting på Valdresflya Kiting blir meir og meir populært. Du står på eit slags surfebrett eller på ski og blir trekt av vinden etter ein stor skjerm eller ein drage. Valdreflya er vid og stor og nokså flat, og er ein ideell plass for kiting.
Â
Pilking Her i Sjodalen er det lang vinter, og snøen og isen på vatna ligg lenge utover våren. April er nesten finaste månaden for pilking, da er det mildt, lange dagar og ofte strålande sol. Er det fint vær er det både spanande og triveleg og pilke! I vatna rundt oss er det aure (ørret på bokmål om nokon skulle vera i tvil om det). Det er fin fisk, og kan du få tak i fisk på opp mot kiloen. Dette er ein aktivitet som passar for folk i alle aldrar, og du treng ikkje vera i god form for å klare å pilke!
Â
 Ting det er lurt å ta med på pilketur:
Dersom du ikkje vil kjøpe det pilkeutstyr leiger vi ut dette på Bessheim.
For organiserte turer eller turar med guide samarbeider vi med Naturopplevingar.
Â
|